Møte med VikingWolves før West Ham – Wolverhampton

Mats Pettersen Nyheter Leave a Comment

Lørdag 1. september møtes West Ham og Wolverhampton på London Stadium. Mens vi venter på kampen har vi stilt noen spørsmål til ledelsen VikingWolves som er den norske supporterklubben for Wolverhampton Wanderers.

Til tross for at det ikke er blitt noen seier i Premier League ennå så har Wolves imponert i sesonginnledningen. Spesielt var sist helgs kamp mot Manchester City sterk. Hvordan vurderer dere sesongstarten?
Eg trur det fleste som held med Wolves er meget godt nøgde med starten på sesongen. Wolves var kanskje litt forsiktige i opninga mot Everton, men hadde fortjent alle tre poenga borte mot Leicester i runden etter. City-matchen var solide greier mot eit hinsides bra lag, og det var særleg moro å sjå at Wolves fortsatte å gå i angrep sjølv på 1-0. Så, for å oppsummére: Bra fotball, få poeng. Moro at Nuno sender laget i angrep uavhengig av motstandar. I stor kontrast til det Newcastle gjorde mot Chelsea i helga, for eksempel.

For mange av oss som har fulgt engelsk fotball i lang tid så er det gledelig å ha Wolverhampton tilbake i det gode selskap. Hvilke forventninger har dere til sesongen som nyopprykket til Premier League?
Etter eit par mindre solide involveringar i toppdivisjonen dei siste femten åra trur eg alle Wolves-supportarar innerst inne er nøgde dersom Wolves klarer å behalde plassen og bygge vidare for å forbli ein stabil Premier League-klubb. Men dette opprykket kjennes så veldig annleis enn under Dave Jones og Mick Mccarthy. Laget har søkkrike eigarar i ryggen og etter fadese-ansettelsen av Walter Zenga fann dei Nuno som har blitt den mest elska mannen i Wolverhampton på lang, lang tid. 

Hvilke av spillerne hos Wolverhampton vil dere betrakte som nøkkelspillere i den kommende sesongen?
Ruben Neves blei eit heit namn i opprykkssesongen, først og fremst fordi han kun var i stand til å score spektakulære mål. No har han fått ein ny makker i João Moutinho, som har sett fryktelig bra ut. I tillegg, som nyopprykka, trur eg keeper Rui Patricio kjem til å bra meget viktig. Alle som såg redninga hans på skuddet til Raheem Sterling i helga forstår nok kvifor. Det same gjeld dei defensive blokkeringane til Willy Boly, som blei berømt etter å ha scora mot handa i helga. Helder Costa og Diogo Jota var sentrale i det meste Wolves gjorde forrige sesong, mens Ivar Cavaleiro (som no er skada) såg ut til å elske å spele Nuno-fotball. Og, i kulissane: Lyntoget Adama Traoré, som kan få sitt store gjennombrudd denne sesongen.

Er dere fornøyd med sommerens overgangsvindu?
Absolutt. Det var viktig å sikre suksess-låna frå forrige sesong på permanent basis. Jota og Boly kjem til å spele mange minutt denne sesongen. Og etter dei første kampane kjennes Moutinho-overgangen ut som eit lite ran til £5 millionar. Wolves hadde eit bud inne på Manchester City-spelar Oleksandr Zinchenko, men han var ikkje villig til å forlate Etihad. I denne posisjonen endte Wolves opp med Jonny (Castro Otto) på lån frå Atletico Madrid, og han har sett meget lovande ut på venstrabacken. På topp er Raúl Jiménez eit arbeidsjern, mens Rui Patricio kjem til å bli sentral når det gjeld å halde tett andre vegen. Så var det Adama Traore, sjølvsagt. Rekordkjøpet til Wolves som kom frå Middlesbrough for £18 millionar. Med god coaching fins det omtrent ingen grenser for kor god han kan bli. I andre enden av skalaen er det litt tynt med dekning i enkelte posisjonar. Det er usikkert kven som kjem til å tre fram dersom Matt Doherty på høgrebacken blir skada, for eksempel. Og spissane som er bak Jiménez i køen skremmer nok ingen på dette nivået.

Hva tror dere om West Hams muligheter denne sesongen og hvordan tror dere Wolves’ første møte med London Stadium førstkommende lørdag vil ende?
West Ham har fått inn noko så sjeldan som ein managar det faktisk er mogleg å like. Ikkje verst, bare det. Brutal start reint resultatmessig, men det vil ta litt tid når det er så mange nye som er planlagt ei rolle blant dei elleve som skal starte. Mot Arsenal var vel over halve laget nye spelarar? 3-1 var i overkant flatterande i favør heimelaget og med litt marginar kunne West Ham fått med seg noko frå Emirates denne ettermiddagen.
West Ham – Wolves blir ein kamp der begge lag kjem til å spele for tre poeng, det er det i alle fall ingen tvil om. Eg tar på meg Wolves-brillene og kan sjå for meg at Wolves tar sin første trepoengar i ein kamp som ender 1-2.

Dersom det er en West Ham-spiller dere frykter før helgens kamp, hvem er i såfall det?
Utan tvil Marko Arnautovic. Ein fenomenal spelar og ein som kan endre eit kamputfall meir eller mindre uavhengig av resten av laget. Namnet hans har vore ein gjengangar i nyhetssøket mitt på Google dei siste dagane og kjem nok til å være det fram mot laurdagen. Sjansane til Wolves i denne kampen blir betydelig større om Arnautovic ikkje rekk å bli speleklar, ganske enkelt.

Tusen takk til Asle Frøkedal i VikingWolves for reflekterte svar.

Legg igjen en kommentar