Julekalender – 24. desember

Scandinavian Hammers ønsker alle sine medlemmer en god jul med forhåpentligvis flere West Ham-poeng.

Bak luke nummer 24 i julekalenderen finner vi Lars Bogstad

1. Hvem er du?
Lars Bogstad, på flyttefot til Ålesund, 30 år

2. Hva er ditt første minne om West Ham (hva gjorde deg oppmerksom på denne fantastiske klubben)?
Det klarar eg faktisk ikkje å hugse. Det er sikkert litt knytt til det neste svaret.

3. Hvorfor ble du West Ham-supporter?
Ein kamerat ynskte at eg skulle bli Chelseasupporter, og eg byrja nok å få litt sympatiar for dei. Dette var rundt dei tider då Tromsø slo Chelsea i snøvêret oppe i nord. Eg fann likevel ut at det kunne vere lurt å spørje far kva han heia på, ut frå tidspunkt for Tromsøkampen må dette bety at eg var rundt 7 år. Far sa at han alltid hadde heia på West Ham, og eg fann ut at det sikkert var like greit at eg også heia på West Ham. Kunne sikkert fått nokon fleire oppturar dersom det hadde blitt Chelsea, men vi West Ham supporterar har no hatt det moro vi og, sjølv om resultata alltid har vore varierande. 

4. Hva er ditt beste West Ham-minne?
Her trur eg faktisk eg vil trekke fram bortetur med Scandinavian Hammers til White Hart Lane i 2012, ein fantastisk artig tur med ein veldig triveleg gjeng. Måtte sjekke resultatet på internett no, og det ser ut til at vi tapte kampen men ramma rundt var veldig bra! Elles må eg nok også trekke fram å vere tilstades på Play off-finalen i 2012 og 3-0 sigeren borte mot Tottenham då Ravel Morrison skora målet der han spring over halve bana. 

5. Hvilken spiller er din favoritt West Ham-spiller gjennom tidene?
Her må eg nok svare Mark Noble, ein lojal spelar som det ikkje fins mange av. 

6. Hvem er den morsomste spilleren du kan huske har spilt for West Ham?
Det vert vanskeleg å kome utanom Dimitri Payet, i mi tid som West Ham supporter er han den som har heva laget mest. Veldig synd at ting vart som dei vart. 

7. Hvor på tabellen ender West Ham denne sesongen?
Burde sikkert vore meir optimistisk, men eg er klok av skade. Går for ein 10. plass, som eg ville sagt var optimistisk før sesongen. 

8. Hva er for deg den største skuffelsen du har opplevd som West Ham-supporter?
Her har eg ei veke som stikk seg litt fram. Eg var i Nottingham ein onsdag i januar 2014 og såg West Ham tape 5-0, den påfølgande helga reiste eg til Manchester for å sjå oss tape 6-0 mot Manchester City. Elles var eg utruleg skuffa når vi tapte ligacupsemifinalen mot Birmingham i 2011. Sjølv om nokon vil seie det «berre» er ligacupen so var det er ein strålande sjanse til å få oss ein finale igjen.. 

9. Hvilken spiller kunne du ønske deg å se i West Ham-drakt?
Her er det sikkert mange andre som har betre kontroll enn meg, eg ser ikkje so mykje anna fotball enn West Ham og Sogndal, og den einaste som kunne ha vore aktuell frå Sogndal er vel Sivert Mannsverk – sjølv om det nok er eit stykke dit. Eg er eigentleg veldig fornøgd med det laget vi har i dag, det viktigaste er å halde på dei sentrale spelarane våre – spesielt Declan Rice. 

10. Hva synes du om Scandinavian Hammers? Hva er bra og hva kan bli bedre / gjøres annerledes?
Eg er godt fornøgd med Scandinavian Hammers. Det viktigaste for meg har alltid vore det sosiale, at vi kan treffast I London i forbindelse med kampar og at det vert arrangert fellesturar. 

Legg igjen en kommentar