Julekalender – 8. desember

Vi er kommet til luke nummer 8 og bak den finner vi Odd Helge Rabbevåg (til høyre på bildet om noen er i tvil)

  1. Hvem er du?
    Eg heiter Odd Helge Rabbevåg, bosatt på Vigra utanfor Ålesund, er 67 år, gift,  tre born og to borneborn. Har vore medlem i SH sidan ca. 2000. Har vel også vore med på nesten alle fellesturar, som er noko av det kjekkaste eg veit. Utanom West Ham er det fotografering som er den store hobbien, og det er fuglar og ville dyr som er mest i fokus, men også litt landskap.

  2. Hva er ditt første minne om West Ham (hva gjorde deg oppmerksom på denne fantastiske klubben)?
    Eg blei West Ham supporter rundt 1970 (huskar ikkje heilt) og det som imponerte meg den gongen var ein tippekamp der West Ham tapte 4-3 (trur eg), men det var måten dei spelte på som tok meg. Alle mann i angrep og nokre tilbake i forsvar, aldri snakk om å parkere bussen der, kun angrep som stod i fokus.

  3. Hvorfor ble du West Ham-supporter?
    Som sagt ovanfor, vilja til å angripe er det som fenger meg. Også akademiet som dei hadde på 60-70-80 og 90 talet er med på å heve klubben for meg.

  4. Hva er ditt beste West Ham-minne?
    Har vel egentlig to sidestilte minner som kan framhevast. Det første er min første livekamp, der vi spelte mot Sunderland. tapte 3-0. Men det gjorde ikkje så mykje for vi hadde rykka ned før denne kampen, men opplevelsen var likevel enorm for meg. Den andre magiske opplevelsen var bortekamp mot Stoke, vi låg under 2-0 og det var bikkjekaldt, og då meiner eg verkeleg kaldt. Det var 10 eller 15 minutt igjen og fortsatt 2-0, men derifrå og inn så greide oss 2-2, siste målet kom heilt på slutten. Tenk den stemninga på toget heim til London, magisk. Så er det kanskje ein episode som også blir huska og det er «the Great Escape», ups – det blei vist tre episodar.

  5. Hvilken spiller er din favoritt West Ham-spiller gjennom tidene?
    Au, denne er lei. Tony Cottee må nemnast, Frank Macavennie er ein, Billy Bonds er ein, Julian Dicks kan trekkast fram. Trevor Brooking ikkje minst. Men skal eg velge den eg syntes var topp så blir det Frank Macavennie.

  6. Hvem er den morsomste spilleren du kan huske har spilt for West Ham?
    Den morsomste – øøhm – det veit eg ikkje om eg kan svare på, men det må vel kanskje bli Frank ein gong til det, eller muligens Paolo Di Canio. Declan Rice og Jarrod Bowen er no veldig morosame å følge med på og deira utvikling, blir spanande å sjå kor lenge vi får behalde dei.

  7. Hvor på tabellen ender West Ham denne sesongen?
    Trur vi ender på 9. plass (eller høgre)

  8. Hva er for deg den største skuffelsen du har opplevd som West Ham-supporter?
    At vi rykka ned i 2011, eller heile sesongen med Avram Grant som manager.

  9. Hvilken spiller kunne du ønske deg å se i West Ham-drakt?
    Dean Henderson – det hadde vore kult.

  10. Hva synes du om Scandinavian Hammers? Hva er bra og hva kan bli bedre / gjøres annerledes?
    Scandinavian Hammers er topp. Fellesturane er heilt fantastiske, einaste ønske er fleire borteturar, då er det fullendt.

Legg igjen en kommentar